Språk
Då er eg i gong. Første gong med blogg og sidan det er så populært å seie at ei oppleving har vore ei reise..... difor vil eg ut på ei vandring......inn i IKT.
Eg skal prøve å skrive nynorsk. Eg har ikkje skreve nynorsk sidan studiedagane i Trondheim då eg tvilheldt på nynorsken min og var medlem av Noregs Mållag. Dei siste 15 åra har eg budd i "bokmålland" og slutta med korstoget for nynorsk. Er det nokre norsklærera som les dette, kom gjerne med rettepenen.
Motvillig og negativ
Blogg er eit område som eg ikkje kjenner meg heime i. Viljen til og trua på at eg skulle ha noko å formidla til alle der ute held meg borte frå blogg, Twitter og Facebook. Eg har prøvd meg på Twitter, men det vart for mykje å følge med på til ein kvar tid. Og kva skulle eg twitre om?
Eg laga ei heimeside under studiane på Notodden fordi det var ei av oppgåvene i IKT. IKT-en vi hadde der gjekk ut på korleis vi skulle lære bort Word, Excel, PowerPoint, database, heimesider osv. til elevar på grunnskulen. Heimesida er sletta for lenge sidan. Kva skulle eg skrive om der?
Eg har ein Facebookprofil. Profilen vart laga i fjor fordi eg tenkte eg skulle nytte Facebook i undervisninga. Men har eg kome i gong?
Studier i IKT
Eg er ein brukar av "ferdiglaga" nettressursar. Det finst så mange gode ressursar og moglegheiter ved bruk av PC, Mac, iPod, iPad, ulike programvarer og i det uendelege Internettet. Og alt anna som eg ikkje veit noko om.
Sidan eg kjenner meg litt hjelpelaus i IKT-verda har eg meldt meg på kurs for å få ei oversikt og prøve meg i det små saman med dykk. Eg håper å lære korleis eg best kan nytte ressursane som finst og korleis vurdere nytta og læringa elevane kan få av dette.
Til undervisning
Eg underviser i naturfag og matematikk på videregåande første og andre trinn, både studiespesialiserande og yrkesfag. Når eg bruker Internett er det i jobbsamanheng. Eg leiter meg fram til nettressursar for elevane mine som kan supplere undervisninga mi. Det finst mange gode filmar/videoar, animasjoner, e-forelesninger og teorisider(og blogg). Eg brukar dei i undervisninga og legg ut lenkene til elevane. Eg oppfordrar elevane til å bruke nettstadane saman med læreboka.
Men eg opplever at elevane enno er knytt til læreboka og har vanskar med å tileigne seg fagstoffet når dei er på nett. Det vert mykje "klipp og lim". Eg likar godt å bruke viten.no i naturfag. Der er det kortfatta tekst og gode animasjoner som understrekar og forklarar teorien. Elevane får spørsmål etter kvart tema og eg kan følge med om dei svarar på spørsmål, kva dei svarar og gje kommentarar tilbake. Mange elevar "scanner" teksta og animasjonane, og når dei kjem til spørsmåla hugsar dei lite og klarer ikkje å finne tilbake i teksta. Då grip mange elevar til læreboka, for der finn dei fram.
Eg foreslo for ein klasse å lage blogg i naturfag for nokre år sidan, men det var det liten interesse for. For mykje arbeid....... Eg har tenkt at blogg kunne vere ein god måte for elevane å setje seg inn i fagstoffet på. Då må dei tenke over kva dei skriv og korleis dei skriv når andre skal lese dette. Dei må sjølv forstå fagstoffet for å formidle det vidare. Dei må tenke over kor dei kan finne bilete, om bileta illustrerar det dei skal og er det lov å publisere bileta. Dei må tenke over kjeldene sine, kva for ei nettsida har dei henta informasjonen sin frå og om nettsida har ein agenda osv. Dei må setje seg inn i lover og reglar for publisering på nett og kvalitetsikre si eiga tekst og andre sine tekstar.
For meg kan ein blogg vere ein annan måte enn ein tradisjonell prøve å vurdere elevane si kompetanse på. Men då lyt eg sjølv lære meg "bloggriket". Og no er eg i gong!
GOD HAUSTFERIE :-)
En god start dette her da :-D med refleksjoner rundt "har jeg noe å komme med da", og tanker om elevenes mulige utbytte, og hva du selv har forsøkt eller gitt opp ifm. sosiale media. :-) Her er det bare til å stå på videre! :-)
SvarSlettDet er veldig artig å blogge! :-)
Har selv en type "fotoblogg" der jeg for det meste legger ut mine fotografier; både kortreiste og langreiste, og har stor glede av det. Nå skal det sies at jeg ikke er en daglig blogger, for til det har jeg altfor mye å gjøre, men sånn nå og da. Det er også moro å dele noen reiseopplevelser underveis mens jeg reiser; som en reisedagbok nesten, men ofte har en ikke tid til det. Jeg vil jo mye heller oppleve og se når jeg er på en reise, enn å sitte lenge foran pc-en ;-)
Jeg er også bloggansvarlig for fotoklubben sin blogg; BioFoto Sørlandet - der jeg er leder og sekretær. Vi dokumenterer våre aktiviteter, utstillinger, medlemsmøter, turer osv, og informerer om fotokonkurranser m.m. Det er også sånn at medlemmene selv kan sende inn tekst og bilder fra egne naturopplevelser til den bloggen, og få det på siden. Vi linke til andre fotoklubber i begge Agder-fylkene; samme interessefelt, og andre linker som er aktuelle for fotografer Joda så blogg kan brukes til foreninger også. Sida er mye besøkt også, og det er moro å ta en titt på statistikken for å se fra hvilke land leserne kommer, hvilke innlegg som blir mest lest osv. Det samme gjelder for min egen blogg ift. statistikk også. :-)
Vel, nå skrev jeg veldig mye her! Skulle jo bare innom og si "hei" - god start! ;-)
Eit godt innlegg, interessant å lese, så du har i alle høve noe å dele med andre som er både interessant og nyttig. Har sjølv opplevd opp- og nedturar med eigen blogging; eg var veldig aktiv og ser veldig nytten av å ha ein akademisk blogg, og håper å ta dette opp igjen.
SvarSlett