søndag 27. oktober 2013

Digital kompetanse i mine fag

Digital kompetanse i fag

Oppgåva denne gongen er slik
  1. Hva sier kompetansemålene for digital kompetanse definert i planen for ditt programområde/fag - og hvilke muligheter ser du i å jobbe mot disse målene?
  2. Har din skole arbeidet med lokal tilpasning av læreplanen? I tilfelle ja på spørsmålet - hvordan er dette gjort?"

I år har eg to klasser i naturfag og to klasser i matematikk. I første innlegg på bloggen tenkte eg litt rundt korleis nytte blogg i naturfag. Denne gongen her skal eg kikke litt på kva vi gjer i matematikk. I år har eg teoretisk matematikk vg1, 1T og praktisk matematikk vg2, 2P, og i desse faga nyttar vi meir og meir digitale hjelpemidler. 
Lærerane ved skulen har i ulik grad brukt digitale verktøy på PC og nett i undervisninga tidlegare. Det har vore dei "digitalt kompetente" lærerane som har vore først ute....slik det alltid er. Skuleleiinga har teke tak i dette og IKT er ei satsingsområde på skulen. Alle elevane har PC og lærerane vert sendt på kurs og held kurs for kvarandre. I fjor vart det bestemt kva for program lærerane skulle nytte i matematikk og frå dette skuleåret er alle lærerane pliktig til å gjere dette. Bruken er av digitale programmer er litt ulik etter kva for matematikk ein har.

"Har din skole arbeidet med lokal tilpasning av læreplanen?" 
Nei. Ut over at vi har bestemt oss for programvare vi skal nytte har vi ikkje gjort noko konkret i forhold til kompetansemåla og kva vi konkret skal gjere med dei. Elevane fekk frå i år av ein "IKT standard" (eit skriv) som seier noko om kva dei kan forvente av opplæring i bruk av PC og bruk av IKT i undervisninga. Ut i frå standarden arbeider den einskilde lærar i sitt fag.

Programvare og nettstader
I teoretisk matematikk, 1T, har regelhefte og grafisk kalkulator vore dei fremste hjelpemidla saman med læreboka og notater. På vår skule har vi gått over til å nytte gratisprogrammet GeoGebra. Dette programmet kan nyttast til geometri, funksjonslære og statistikk blant anna. I GeoGebra finst det og eit CAS-verktøy(Computer Algebra System) som er ein "kalkulator" som løyser likningar og faktoriserar med meir. Elevane må framleis ha ein kalkulator, men treng ein som er mindre "avansert".
I Word kan ein intergrere MathType som gjer at elevane kan skrive matematisk korrekte reknestykker . Til eksamen er det slik at figurar/tabellar som er laga i GeoGebra skal limast inn i eit Word-dokument og leverast som ei fil. Då skal det skrivast tekst til og nokre gonger reknestykker. 
Utanom GeoGebra er vi ikke "pålagte" å nytte andre nettstader eller programvare i undervisninga vår. Det er opp til kvar einskild lærar. Eg har nytta meg av ulike nettstader litt til og frå i matematikk, men dette skuleåret har eg bestemt meg for å nytte meir av undervisningsvideoane(omvendt undervisning) og nettstaden ndla.no.
Det vorten meir og meir populært med omvendt undervisning. Det ligg eit utal videoer ute på nett, både engelsk- (Khans Academy) og norskspråklege (Lektor Thue). Med desse får elevane undervisninga heim og kan anten førebu seg til neste time eller repetere forrige time.
ndla.no er ein gratisnettstad med teori, oppgåver og undervisningsvideoar som er laga av lærerar.
Det finst også mange andre nettstader og programmer, blant anna matematikk.org og Kikora.


Digitale ferdigheiter i matematikk

Frå læreplanen står dette:
"Digitale ferdigheiter i matematikk inneber å bruke digitale verktøy til læring gjennom spel, utforsking, visualisering og presentasjon. Det handlar òg om å kjenne til, bruke og vurdere digitale verktøy til berekningar, problemløysing, simulering og modellering. Vidare vil det seie å finne informasjon, analysere, behandle og presentere data med formålstenlege verktøy, og vere kritisk til kjelder, analysar og resultat. Utvikling i digitale ferdigheiter inneber å arbeide med samansette digitale tekstar med aukande grad av kompleksitet. Vidare inneber det å bli stadig meir merksam på den nytten digitale verktøy har for læring i matematikkfaget."


"- og hvilke muligheter ser du i å jobbe mot disse målene?"
Eg har alle moglegheiter i å jobbe mot desse måla i og med at vi har programvare og nettstader som støttar opp om læreplanen. Noko anna er om eg klarar å nytte meg desse hjelpemidla i undervisninga slik at elevane kan dra lærdom av bruken. Her vil eg sjå på bruken av GeoGebra som er god til;  frå læreplanen:".....til berekningar, problemløysing, simulering og modellering".
Matematikk er eit greit/fint/enkelt fag i den grad at elevane vert bedne om å lære seg ein framgangsmåte/oppskrift og reprodusera han i liknande opppgåver. Dei er som Pavlovs hundar; ved å repetere og repetere og repetere skjønar dei kva dei skal gjere for å kome i mål (forhåpentlegvis). Men løna for strevet er kanskje ikkje heilt klar for elevane (elevane eg har i teoretisk matematikk er dei som skal gå vidare med realfag, og dei har eit mål(løna si) i ei utdanning etter vidaregåande). Dei ulike emna i matematikken vert ofte handsama som eit eige og ikkje sett saman i ein samanheng.
I matematikk er vi nok ganske så "behaviouristiske" i læremetodane vår. Og det speglar seg også  i mange av dei ikt-baserte matematikkprogramma som finst.
Pensum i 1T er ganske stort og omfattande. Det er mange "disiplinar" i matematikken dei skal innom på eit år. Det vart gjort endringar i pensum i år; noko gjekk ut, men anna kom inn. Blant anna meir bruk av digitalt verktøy. Elevane skal framleis meistre å teikne geometriske figurar, teikne grafer, løyse likningar og andre reknestykker for hand. Altså slik det alltid har vore. No skal dei også meistre bruken av digitale verktøy. Slik står det i læreplanen i kompetansemåla for funksjonar:
  • lage, tolke og gjere greie for funksjonar som beskriv praktiske problemstillingar, analysere empiriske funksjonar og finne uttrykk for tilnærma lineære samanhengar, med og utan bruk av digitale verktøy

Utfordringane slik som eg kjenner det er å få tid til å lære elevane å løyse oppgåvene på "gamle måten" og samstundes få tid til å løyse dei digitalt. Det krev at elevane har god forståing i det dei gjer "på papir" og at dei klarar å overføre det til dei digitale løysingane.
Dette det vanskeleg og fine med digitale hjelpemidler; korleis TOLKE og LÆRE AV det programmet har laga til deg. Slik GeoGebra er lagt opp kan du få alle svara hvis du har klart å lære deg kva for funksjonar du skal nytte i programmet. Det eleven då får vist er at han har teknisk kompetanse, men om eleven har forstått kva han har funne kjem ikkje fram.
Der er mitt dilemma som lærar. Korleis få elevane til å reflektere rundt det programmet har gjort for dei. Elevar i dag er ikkje van med å diskutere og forklare matematiske problemstillingar fordi mykje av den grunnleggande matematikken er lagt opp til repeterande innlæring av teknikkar(og ja, eg skjønar kven sin feil det er..... ). Eg skuldar ofte på tidspress, men ser at eit program som GeoGebra nettopp kan gje meg tid til å reflektere rundt matematikken saman med elevane og på denne måten gje dei ei større forståing for samanhengane i dei ulike disiplinane i matematikken (frå læreplanen;...Vidare inneber det å bli stadig meir merksam på den nytten digitale verktøy har for læring i matematikkfaget.)
Dette set krav til meg som lærar korleis eg legg opp timane og oppgåvene. Oppgåvene i lærebøkene og til eksamen er ikkje heilt tilpasse dei nye digitale verktøya enno (frå læreplanen: Utvikling i digitale ferdigheiter inneber å arbeide med samansette digitale tekstar med aukande grad av kompleksitet.). Krav til at elevane skal kunne bruke digitale verktøy og ha digital kompetanse har kome før dei gode oppgåvene, og før lærerane har digital kompetanse......

Avslutning
Det vart berre brått slutt.













fredag 4. oktober 2013

IKT og vurdering

Språk
Då er eg i gong. Første gong med blogg og sidan det er så populært å seie at ei oppleving har vore ei reise..... difor vil eg ut på ei vandring......inn i IKT.
Eg skal prøve å skrive nynorsk. Eg har ikkje skreve nynorsk sidan studiedagane i Trondheim då eg tvilheldt på nynorsken min og var medlem av Noregs Mållag. Dei siste 15 åra har eg budd i "bokmålland" og slutta med korstoget for nynorsk. Er det nokre norsklærera som les dette, kom gjerne med rettepenen.

Motvillig og negativ
Blogg er eit område som eg ikkje kjenner meg heime i. Viljen til og trua på at eg skulle ha noko å formidla til alle der ute held meg borte frå blogg, Twitter og Facebook.  Eg har prøvd meg på Twitter, men det vart for mykje å følge med på til ein kvar tid. Og kva skulle eg twitre om?
Eg laga ei heimeside under studiane på Notodden fordi det var ei av oppgåvene i IKT. IKT-en vi hadde der gjekk ut på korleis vi skulle lære bort Word, Excel, PowerPoint, database, heimesider osv. til elevar på grunnskulen. Heimesida er sletta for lenge sidan. Kva skulle eg skrive om der?
Eg har ein Facebookprofil. Profilen vart laga i fjor fordi eg tenkte eg skulle nytte Facebook i undervisninga. Men har eg kome i gong?

Studier i IKT
Eg er ein brukar av "ferdiglaga" nettressursar. Det finst så mange gode ressursar og moglegheiter ved bruk av PC, Mac, iPod, iPad, ulike programvarer og i det uendelege Internettet. Og alt anna som eg ikkje veit noko om.
Sidan eg kjenner meg litt hjelpelaus i IKT-verda har eg meldt meg på kurs for å få ei oversikt og prøve meg i det små saman med dykk. Eg håper å lære korleis eg best kan nytte ressursane som finst og korleis vurdere nytta og læringa elevane kan få av dette.

Til undervisning
Eg underviser i naturfag og matematikk på videregåande første og andre trinn, både studiespesialiserande og yrkesfag. Når eg bruker Internett er det i jobbsamanheng. Eg leiter meg fram til nettressursar for elevane mine som kan supplere undervisninga mi. Det finst mange gode filmar/videoar, animasjoner, e-forelesninger og teorisider(og blogg). Eg brukar dei i undervisninga og legg ut lenkene til elevane. Eg oppfordrar elevane til å bruke nettstadane saman med læreboka.
Men eg opplever at elevane enno er knytt til læreboka og har vanskar med å tileigne seg fagstoffet når dei er på nett. Det vert mykje "klipp og lim". Eg likar godt å bruke viten.no i naturfag. Der er det kortfatta tekst og gode animasjoner som understrekar og forklarar teorien. Elevane får spørsmål etter kvart tema og eg kan følge med om dei svarar på spørsmål, kva dei svarar og gje kommentarar tilbake. Mange elevar "scanner" teksta og animasjonane, og når dei kjem til spørsmåla hugsar dei lite og klarer ikkje å finne tilbake i teksta. Då grip mange elevar til læreboka, for der finn dei fram.
Eg foreslo for ein klasse å lage blogg i naturfag for nokre år sidan, men det var det liten interesse for. For mykje arbeid....... Eg har tenkt at blogg kunne vere ein god måte for elevane å setje seg inn i fagstoffet på. Då må dei tenke over kva dei skriv og korleis dei skriv når andre skal lese dette. Dei må sjølv forstå fagstoffet for å formidle det vidare. Dei må tenke over kor dei kan finne bilete, om bileta illustrerar det dei skal og er det lov å publisere bileta. Dei må tenke over kjeldene sine, kva for ei nettsida har dei henta informasjonen sin frå og om nettsida har ein agenda osv. Dei må setje seg inn i lover og reglar for publisering på nett og kvalitetsikre si eiga tekst og andre sine tekstar.
For meg kan ein blogg vere ein annan måte enn ein tradisjonell prøve å vurdere elevane si kompetanse på. Men då lyt eg sjølv lære meg "bloggriket". Og no er eg i gong!

GOD HAUSTFERIE :-)